Margrete Trovåg
Gruppeleder
Verdiar som står sterkt for meg er rettferd, likeverd, toleranse og solidaritet. Desse verdiane ligg til grunn for haldningane mine i lokalpolitikken, der eg er spesielt oppteken av oppvekstvilkår for barn og unge, trygge vegar og gode kulturelle opplevingar. Det vil òg vere viktig for meg å støtte opp om bygdesamfunna utanfor sentrum i Volda kommune.
Eg er 47 år, mor til fire og lærar ved Volda vidaregåande skule. I fritida mi set eg pris på litteratur, film og turar i skog og mark. Eg likar godt å gå på teater, museum, konsertar og kino.