Magnar Sunde

Nestleder

Magnar Sunde

Vi har fått til eit demokrati i landet vårt der det er liten skilnad mellom folk og der vi tek vare på kvarandre. Dette samhaldet er det viktig å bygge vidare på. Det gjev oss eit samfunn med helsevesen, skular og vegar som vi berre kan få til gjennom ein stor dugnad. Då er både frivillig arbeid, betalt arbeid og skattar viktige. Dette ynskjer eg å bygge vidare på. Ei aktuell sak no er å bidra til fleire lærlingeplassar for å hindre at elevar går på vidaregåande skule utan å få fullført utdanninga si.
Lokalt er partia einige om mykje. Vi ynskjer gode skular, sjukehus, vegar og liknande, og eg meiner Arbeidarpartiet er den beste pådrivaren med løysingar for fellesskapet og dei svakaste i samfunnet.
Eg har bakgrunn frå telekommunikasjonsbransjen der vi bygde ut breiband over heile landet og arbeider no som lærar på Ulstein vidaregåande skule for dei som skal arve landet vårt.
Er 54 år og bur på Lid i Volda, med bakgrunn frå Bergen, Oslo og Trondheim. Fritida handlar om familie, speidar, snekring og liknande.