Grønraudt samarbeid i Volda

1. Utøve ein god arbeidsgjevarpolitikk gjennom eit trepartssamarbeid mellom tillitsvalde, administrasjon og politikarar.
2. Arbeide for at Voldatunnelen kjem inn på NTP gjeldande frå 2018, og redusere bruplanane over Øyraelva.
3. Sentrumsutvikling: Arbeide for miljøgatestatus med fartsgrense 40/kmt frå Prestegarden til badeplassen på Munken.
4. Kommunen vil gå i dialog med Høgskulen og Fylkeskommunen for å sjå nærare på om Volda kan få dekt sine behov for moderne kultur/konsertscene og idrettshall i samband med Campusutviklingsprosjektet. Samfunnshuset bør bli oppgradert slik at det til dømes kan huse ungdomsklubben og vere gode øvingslokale for lag og foreiningar.
5. Alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå skal ha ein meiningsfull kvardag. Vi vil mellom anna arbeide for å opprette fleire Varig Tilrettelagde Arbeidsplassar.
6. Stimulere til busetting på bygdene. Kommunen skal setje i gang ei registrering av nedlagde småbruk, hus som ikkje er i bruk, og tomter som kan leggast ut for leige/sal, og tilby kommunale bustader.
Tilsette miljøkonsulent i planavdelinga for å følgje opp klima- og miljømål
Volda 22.09.2015