OPE MØTE OM SAMFERDSEL
Arrangement
24. apr, kl. 19:00 – 20:30, Volda Folkebibliotek
Orientering om aktuelle vegsaker v/Jørgen Amdam og Svein Sunde
Volda AP arrangerer ope møte med samferdsel som tema, tysdag 24.april, kl. 19.00. Møtestad: Volda Folkebibliotek, Rådhuset.
Ordførar i Volda, Jørgen Amdam og leiar i Gode Vegar AS, Svein Sunde vil orientere om status og framdrift i viktige vegsaker. Rv 15 Strynefjells-tunnelane, E 39 Volda-Ørsta og Fylkesveg 60 Tomasgard(Hornindal)-Møre grense.
Møtet er ope for alle som ynskjer orientering om desse særs viktige samferdselsprosjekta. Statens vegvesen tilrår å bygge ny Rv15 frå Skåre til Breidalen, medan frittståande økonomar tilrår å stenge tunnelane i 670 dagar på kveld/natt. Dette har det kome sterke reaksjonar på. Noko ein vil få høyre meir om på det opne møtet.
Det vert også høve til å stille spørsmål undervegs.
Vel møtt!